Ørsta kommune ligg i regionen Søre Sunnmøre.
Med eit innbyggjartal på 10.250 og eit totalareal på 820 km² er Ørsta ei av dei største landkommunane i Møre og Romsdal. Kommunen har flyplass med daglege flysamband til Bergen og Oslo.
Ørsta er trafikknutepunkt for kyststamveg E 39 og RV 655, og med Eiksundsambandet som opna i februar 2008, har ein tunnelsamband til kommunene Ulstein, Hareid, Sande og Herøy. Kvivsvegprosjektet som vil stå ferdig i 2012 vil ytterlegare betre kommunikasjonen austover og knyte Søre Sunnmøre saman med delar av Nordfjordregionen til ein felles bu-og arbeidsregion med over 60.000 innbyggarar.
Ørsta har og djupvasskai og hamneterminal med anløp frå NorCargo
Timeekspressen er ein ekspressbuss som går kvar time til Ålesund, Molde og Kristiansund.

Avinor har oppgradert Ørsta Volda lufthamn Hovden slik at ein stettar dei nye krava frå Luftfartstilsynet. Rullebana er lengd, og nytt S-Cat1 innflygingssystem vil betre tryggleik og regulariteten som allereie er på over 98%. Trafikkprognosane syner at Hovden vil bli Noregs største regionale lufthamn i 2013. Ørsta/Volda lufthamn Hovden er eige konsesjonsområde frå anbodsperioden 2009-2012.