Gode veiledarar for deg som vil starte for deg sjølv

I menyen til venstre kan du ved å velge "Tips og råd" sjå dei ulike veiledarbrosjyrene som vi anbefalar. 

Hoppid Logo

Hoppid.no er Møre og Romsdal fylke si satsing retta mot nyetablerarar. Hovudmålet er fleire og betre etableringar. Ein vil satse breitt for å auke tilfang og mangfald - og samstundes vil ein ha ei satsing på kvalitet og vekst.

Ørsta Næringskontor er sertifisert som lokalt Hoppid.no kontor og ein del av førstelinetenesta retta mot nyetablerarar. Vi gir deg råd om oppstart av eiga verksemd og losar deg inn i systemet. Du som er etablerer kan dessutan få tilgang til eit gratis CRM program med faktureringsmodul og factoring. Programmet er utvikla i samarbeid med, og betalt av fylkeskommunen - som ein del av Hoppid.no prosjektet. Denne programvaren er veldig nyttig og lønsam for deg som vurderer eller har bestemt deg for å starte opp. Kontakt oss gjerne for meir informasjon.

Hoppid.no arrangerer fleire kurs for etablerarar, og du finn ei oppdatert liste over desse her.

Innonvasjon Norge logo

Innovasjon Norge tilbyd tjenester og program som skal bidra til å utvikle distrikta, auke innovasjonen i næringslivet over heile landet og profilere norsk næringsliv og Noreg som reisemål.

Innovasjon Norge har lokale kontordagar i Ørsta, og Næringskontoret kan hjelpe deg med å avtale møte med rådgivarar i Innovasjon Noreg både lokalt og på avdelingskontora i Ålesund og Molde.

Ta kontakt med oss.